Teknologiveka 2024 - ein stor suksess

WOW. Vi har hatt ei fantastisk Teknologiveka 2024 i Årdal Teknologipark og summar oss faktisk pittelitt enno, godt inn i desember.

Frå First Lego League til open dag, fagdagane og FoU-møter med deltakarar frå Vest til Aust, har vi utruleg mange gode tilbakeblikk som best kan oppsummerast i visuell form.

Fagdagen «Energi i Vestland» gav oss eit lite innblikk i spennet av ulike kraftløysingar som er aktuelle for Vestlandet, Norge, Europa og heile verda. Fagdag nummer to med temaet «Industriell symbiose» samla kommunar, næringsliv, akademia og innovasjonsmiljø med engasjerande foredrag om siste nytt på samarbeid, moglegheiter og utfordringar i symbioseverda. Som dagleg leiar i Sitep, Frank Øvstetun påpeikar:

"Me skal til netto 0 i utslepp og skape mange, nye og grøne arbeidsplassar, og då blir det viktig å jobbe i saman".

Om du ikkje fekk med deg all kunnskapsdelinga, kan du sjå opptak frå innlegga under fagdagane på Youtube-linken her - absolutt verdt ein kikk!

https://www.youtube.com/playlist?list=PL37ygzjvdiiatk-RcI3o_2zPh_dS_2NHl

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Innovasjon Norge på besøk i Årdal

Neste
Neste

Årdal Utvikling og Invest in Indre Vestland