Arrangement

Nettverkslunsj: sopp og nye arbeidsplassar
Velkomne til ny nettverkslunsj, med tema sopp og nye arbeidsplassar!
Tysdag 4. mars er Tone Berge, administrerande direktør i Biospinout One, på plass i Årdal for å lære oss meir om korleis miljøgift og plast i fallunderlag på leikeplassar kan byttast ut med sopp, og korleis denne berekraftige løysinga er knytt til teknologibygda.
Vi får høyre meir om samarbeidet mellom Årdal Utvikling/Sitep og Biospinout One og kva dette kan bety for framtidige, lokale arbeidsplassar i regionen vår.
Nettverkslunsjen er eit samarbeid mellom Årdal Utvikling, Sogn Kompetanse og Sitep, og er eit sosialt og uformelt møtepunkt med fagleg påfyll, og ein møteplass for nettverksbygging på tvers av bransjar i regionen.
I 2025 vil nettverkslunsjane våre handle om Årdal og regionen inn i framtida med tema som famnar om det grøne skiftet, nye næringsprosjekt, kompetanseheving og omstilling.
Siste frist for påmelding er 2. mars.
Vi står for lunsjen - alt du treng å gjere er å melde deg på via skjemaet her: https://www.sognkompetanse.no/kurskalender1/nettverkslunsj-x2fn4

Nettverkslunsj tema: Kompetanse- og studiesenter
Velkommen til vår første nettverkslunsj i Årdal Teknologipark.
Nettverkslunsjane er eit samarbeid mellom Årdal Utvikling, Sogn Kompetanse og Årdal Teknologipark og vil bli halden annakvar månad framover.
Dette skal vere ein uformell arena for verksemder og privatpersonar for kunnskapspåfyll, lunsjservering og for å bli betre kjend med kvarandre og kva som rører på seg i lokalt og regionalt næringsliv. Me står for lunsjen - alt du treng å gjere er å melde deg på via eksternt skjema for kvar lunsj og møte opp.
Temaet for nettverkslunsjen i januar er Sogn Kompetanse sitt arbeid og sine tilbod med ulike kurs for både verksemder og private aktørar og nedslagsfeltet deira i Sogn. I tillegg får me høyre meir om studiesentera og studentstovetilbodet i Årdal Teknologipark.
Her er skjemaet for påmelding til nettverkslunsj i januar: https://www.sognkompetanse.no/kurskalender1/nettverkslunsj
Vi ser fram til påmeldinga di og lunsj med nettverksbygging med deg.

Open dag i Årdal Teknologipark
Velkommen til open dag i Årdal Teknologipark! Vi inviterer deg til ein dag med informasjon om kva som skjer i teknologiparken og omvising på huset og på visningssenteret.
Program:
11:00: Geir Hansen: Informasjon om Årdal Teknologipark
12:00: Omvisning i Årdal Teknologipark og bedriftsmesser
13:00: Guida omvisning i visningssenteret
Det blir lett servering, difor er det fint om du kan melde deg på påmeldingsskjemaet her: https://forms.office.com/e/YjbxNXhS9s

Teknologiveka 2024
Bli med på Teknologiveka 2024!
Vi har gleda av å endeleg invitere dykk til Teknologiveka 2024 frå 9-15. november!
Det blir ei veke full av innovasjon, læring og nettverksbygging i saman med forskarar, industrifolk og teknologiutviklarar frå heile Noreg. Teknologiveka vår er den perfekte arena for å få innsikt i framtidas teknologi og knyta kontakt med dei som utviklar dei. Få med deg kvifor nettopp du burde melde deg på fagdagane i energi og industriell symbiose 12-13. november i videoen.
Sjå fullt program her og bli med, du og https://www.teknologiveka.no/agenda-teknologiveka-2024/
Ikkje gå glipp av sjansen til å bli ein del av denne dynamiske og kunnskapsrike samlinga!
Kjøp billett her: https://www.sognkompetanse.no/kurskalender1/teknologiveka
Program:
Laurdag 09.11.24 – First Lego League
Måndag 11.11.24: Open dag i Årdal Teknologipark
Tysdag 12.11.24: Fagdag Energi i Vestland
Onsdag 13.11.24: Fagdag Industriell Symbiose
Torsdag 14.11.24: Workshop industrikommunar i Vestland