Tilbake til alle arrangementer

Nettverkslunsj tema: Kompetanse- og studiesenter

  • Årdal Teknologipark 5 Verksvegen Øvre Årdal, Vestland, 6884 Norway (kart)

Velkommen til vår første nettverkslunsj i Årdal Teknologipark.

Nettverkslunsjane er eit samarbeid mellom Årdal Utvikling, Sogn Kompetanse og Årdal Teknologipark  og vil bli halden annakvar månad framover.

Dette skal vere ein uformell arena for verksemder og privatpersonar for kunnskapspåfyll, lunsjservering og for å bli betre kjend med kvarandre og kva som rører på seg i lokalt og regionalt næringsliv. Me står for lunsjen - alt du treng å gjere er å melde deg på via eksternt skjema for kvar lunsj og møte opp.

Temaet for nettverkslunsjen i januar er Sogn Kompetanse sitt arbeid og sine tilbod med ulike kurs for både verksemder og private aktørar og nedslagsfeltet deira i Sogn. I tillegg får me høyre meir om studiesentera og studentstovetilbodet i Årdal Teknologipark.

Her er skjemaet for påmelding til nettverkslunsj i januar: https://www.sognkompetanse.no/kurskalender1/nettverkslunsj

Vi ser fram til påmeldinga di og lunsj med nettverksbygging med deg.

Forrige
Forrige
11. november

Open dag i Årdal Teknologipark

Neste
Neste
4. mars

Nettverkslunsj: sopp og nye arbeidsplassar