Årdal Utvikling og Invest in Indre Vestland
Årdal Utvikling fikk i oktober gledelege nyhende frå Vestland Fylkeskommune med positivt svar på søknaden vår om midlar til prosjektet «Invest in Indre Vestland».
Tilskotet er på 1 500000 kr med ein prosjektperiode på tre år.
Prosjektet passar perfekt saman med Årdal sin industrikompetanse og aktivitetane i Grøn Hub Årdal Teknologipark. Det er ei moglegheitsstudie for framtidige industrietableringar, gjennom det å sjå heile regionen under eitt i forhold til areal, kraft, moglegheiter for industriell symbiose og samarbeid for å tiltrekke oss dei rette bedriftene til Sogn/indre Vestland. Årdal sit i førarsetet i prosjektet som famnar om kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Vik, Luster og Sogndal som skal kartlegge moglegheitane for etablering av nye bedrifter og næringar. Sentralt i kartlegginga er også nyetableringar knytta til eksisterande verksemder, med hovudfokus på grøn næringsutviking.
Eit av effektmåla i prosjektet vil vere kompetanseflyt mellom kommunane, ved at ein har utvikla ein betre delingskultur i regionen for kompetanseheving. Å samle og samarbeide mellom kompetansemiljøa, og knyte til seg personar som aktivt kan arbeide for å få på plass dei rette etableringane i vår region vil vere avgjerande for at lokalsamfunna våre skal vere levedyktige i framtida. SITEP, Sogn Kompetanse, HVL og Studiesenteret vil vere ein kanal i prosjektet for å mobilisera kommunane og auke bruken av tilboda innan kompetanseheving og reskilling.
Vi gler oss til å sette i gang med prosjektet i saman med alle samarbeidsaktørane for å få på plass Invest in Indre Vestland!