Næringsminister Vestre på besøk
𝗡æ𝗿𝗶𝗻𝗴𝘀𝗺𝗶𝗻𝗶𝘀𝘁e𝗿𝗲𝗻 💚 𝗚𝗿ø𝗻 𝗿𝗲𝗴𝗶𝗼𝗻 𝗩𝗲𝘀𝘁𝗹𝗮𝗻𝗱
Vi deler den flotte oppdateringa frå Grøn Region Vestland om besøket frå næringsminister Jan Christian Vestre.
Som svar på den aukande etterspurnaden etter aluminium med lågt karbonfotavtrykk, har Norsk Hydro no gjort betydelege investeringar i resirkuleringsteknologi i Årdal. Prosjektteamet i Grøn region Vestland var så heldig å bli invitert til den offisielle opninga av Årdal Recycling, markert av næringsminister Jan Christian Vestre.
Vestre tok turen vidare til Årdal Teknologipark, ein av hubbane i GrV. Her fekk han ei grundig orientering om hubben og arbeidet som er gjort. Ein formidabel presentasjon frå dagleg leiar i Årdal Utvikling, Geir Hansen, kor han òg fortalde meir om prosjektet Grøn region Vestland.
Og om det skulle vera nokon tvil: Vestre ELSKAR Grøn region Vestland💚🤝
Årdal Teknologipark, Årdal kommune og næringslivet arbeidar målretta for fleire grøne arbeidsplassar med industriell symbiose i spissen ♻️