Nytt masterprogram “Flexindøk”
Vi ser fram til vidare samarbeid om det nye masterprogrammet «Flexindøk» ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) som startar i 2026!
Årdal Utvikling samarbeidar med Norsk Hydro og Høgskulen på Vestlandet (HVL) om å utvikle ein spennande og fleksibel mastergrad i industriell økonomi i Sogndal.
Representantar frå ulike fakultet ved HVL, Årdal Utvikling og Norsk Hydro samlast for ein workshop i april for å høyre meir om framtidig kompetansebehov i Årdal og ved Norsk Hydro som gav mykje inspirasjon til vidare arbeid med den nye utdanninga. Studiet vil fokusere på økonomiske og teknologiske utfordringar i produksjonssektoren med praksisperiodar i verksemdene. Studieplanen vil oppdaterast kontinuerleg basert på behova til verksemdene, som også vil vere perfekt som vidareutdanning for tilsette.
Vi er spente på vidareutviklinga av studiet og ser fram til å bidra med input på behova ved verksemdene framover.