Ledig stilling som rådgjevar i Årdal Utvikling
Rådgjevarstilling i Årdal Utvikling (100%)
Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og bidra til vekst i Vestland?
Årdal Utvikling er på utkikk etter ny rådgjevar som skal bli med å vidareutvikle næringslivet i Årdal kommune. Vi jobbar kvar dag for å legge forholda best mogleg til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.
KVA VI SER ETTER
Vi søker deg som har relevant utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling ved nokre av dei fylgjande arbeidsområda nedanfor:
Berekraft/grøn omstilling. Dette vil vere eit sentralt punkt og er grunnlaget for framtidas industriutvikling i Årdal og på regionsnivå.
Gründerskap/førstelinjeteneste. Du vil ha ansvar for å rådgjeve gründerar og legge til rette for små og store verksemder for å sikre eit variert og mangfaldig næringsliv.
Reiseliv. Du har gjerne erfaring eller utdanning innan reiseliv. Vi har konkrete handlingsplanar med eit mål om å vidareutvikle reiselivet i kommunen på eit berekraftig nivå.
Omdømebygging. Du er gjerne god på kommunikasjon. Vi skal profilere det gode arbeidet vi gjer lokalt og regionalt. Nettverksbygging, kommunikasjon og representasjon er viktige område for oss.
Prosjektarbeid. Om du har erfaring innan prosjektarbeid er det ein fordel. Mykje av arbeidet vårt er prosjektrelatert saman med andre lokale og regionale aktørar.
KVIFOR SKAL DU JOBBA I ÅRDAL UTVIKLING
Du får arbeida med interessante, spanande og allsidige oppgåver.
Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold.
Vi har kontor i Årdal Teknologipark i saman med ei rekkje andre utviklings- og teknologiverksemder med tett samarbeid.
Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn. Me held til i Årdal – midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo.
Om du har interesse for samfunn- og næringsutvikling og oppfyller nokre av punkta vi ser etter ovanfor, ynskjer vi veldig gjerne å høyre frå deg.
Søknadsfrist: 20. oktober.
Send søknadstekst og CV til: gh@ardal-utvikling.no.
For spørsmål om stillinga:
Dagleg leiar Geir Hansen: gh@ardal-utvikling.no, telefon: +47 905 52 172.