Fagskulesamling Industriell digitalisert automatisering i Årdal Teknologipark
Denne veka har det vore full rulle i øvingsfabrikken i Årdal Teknologipark med fagsamling i modulen Industriell intelligens gjennom Fagskolen Viken. Dette er ein del av kurset til som heiter Industriell digitalisert intelligens på 30 studiepoeng.
17 engasjerte og ivrige studentar frå Sunndalsøra, Årdal, Husnes og Karmøy, samt 3 rettleiarar frå Fagskolen Viken, har nytta fasilitetane våre med gode tilbakemeldingar. Dei fleste av deltakarane har prosessoperatørbakgrunn frå Hydro.
Temaet for veka har vore praktisk trening i pneumatisk styring, PLS programmering og drift/øvingar på Festo fabrikken, og målet for modulen er å gje fagarbeidar spisskompetanse innan automatiserte og digitaliserte løysingar.
Lukke til vidare med resten av kurset til alle studentar og på gjensyn til neste gong de finn vegen til Årdal Teknologipark.