Gründerkveld med stor suksess

Gründerkvelden i Årdal Teknologipark denne veka blei ein stor suksess og stadfestar at det er mange spennande gründerspirer i Årdal.

Det var utruleg kjekt å treffe på så mange ambisiøse og nysgjerrige deltakarar med idear som famna om det meste.
Nokre deltakarar har allereie starta si gründerreise og ynskte informasjon og nettverksbygging, medan andre er ei tenkeboksen og ynskte inspirasjon for vegen vidare.

Ein ekstra stor takk til Øyvind Aga frå Printfarm.no og Yvonne Aga Romøren frå Kortlevert og Jorunn Bjørvik frå Trimhåla og  Siw Ø Seglem frå Frisørstova som delte sine reiser og personlege erfaringar med å starte opp eigne verksemder. Felles for alle har vore den bratte læringskurva og at det kan innimellom vere tøffe tak – men ingen angrar på valet dei tok då dei satsa!

Informasjonsdelen for kvelden stod Årdal Utvikling og Kunnskapsparken Vestland AS for. Førstnemde delte informasjon om kva dei kan bistå med som førstelinjeteneste og at terskelen alltid er låg for å ta kontakt. Kjetil Kvåle og Stig Ove Rygg frå Kunnskapsparken Vestland fortalde om blant anna Rask Oppstart, Inkubatorprogrammet og anna rådgjeving, slik som søknadsskriving til Innovasjon Norge og anna bistand. I tillegg fortalde Line Moen frå Årdal Boligbyggelag og Garanti Eiendomsmegling Indre Sogn om moglegheiter for å leige lokaler sentralt.

Vi avslutta kvelden med mingling og nydelig tapas frå Veekiosken.

Vi gler oss til å planlegge ein oppfølgjar til arrangementet og ikkje minst å følgje opp gründerspirene 😄

Om du tenkjer at du skulle ha fått med deg arrangementet eller ynskjer rettleiing eller inspirasjon, ta gjerne kontakt med Årdal Utvikling ved Geir Hansen: gh@ardal-utvikling.no.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Besøk frå KS

Neste
Neste

Vertskap for Vestlandsforsking